Menu

Snart kjem sogelagsbladet

No er julenummeret av "Årdal før og no" klart for trykking. Denne gongen har Årdal Sogelag produsert eit blad med 48 sider, og, som vanleg, med eit godt variert innhald. Vi du vita meir om utviklinga i Årdal dei to første tiåra etter 2. verdskrigen, kan du lesa del to av særoppgåva Gullborg Asperheim skrei då ho var elev på Eidsvoll landsgymnas.
Elles har Hanne Stedje skrive ein fyldig artikkel om flodbølgja på Årdalstangen i august 1983. Medan Helge Øvstetun har gått lenger tilbake i tida, og skrive om folk som var sende til Årdal på tvangsarbeid under 2. verdskrigen.
Det som er nemt, og mykje anna, samt ei ny kryssordutgåve, kan du som er medlem i Sogelaget sjå fram til.
Vonleg greier Posten å levera bladet i postkassen din før jul.
Les mer

Blad nummer 60 kjem snart

Sommarutgåva av Årdal før og no, som er blad nummer 60 sidan oppstarten i 1992, er no klar til trykking.
Det betyr at bladet skal vera sogelagsmedlemene i hende før sommarferien startar for alvor ei vekes tid ut i juli månad.

Denne gongen fortel Ingrid Bjørkum om oppveksten i Vikadalen, medan Gullborg Asperheim let oss få del i ei særoppgåve ho skreiv då ho gjekk på Eidsvoll gymnas midt på 1960-talet. Tema i særoppgåva var Årdal – før og no, frå tidleg på 1600-talet og fram til 1960-talet.

Elles har Oddvar Natvik skrive om pastor Ole Bugge Asperheim, som i 1878 vart den første norske sjømannspresten i New York.

I tillegg til det nemnde er det både kryssord og fleire interessante artiklar å sjå fram til. Samt løysinga på kryssordet som stod i julenummeret av Årdal før og no.

Framsidebiletet denne gongen syner den nybygde tunnelportalen på Seimsdalssida av nye Seimsdalstunnelen.

Les mer

Amerikatur sommaren 2023

Dersom nokon av medlemene i Årdal Sogelag har tankar om ein tur til Midtvesten i USA sommaren 2023, kan de kasta seg på ein tur Balestrand sogelag har planar om, saman med Fotefar temareiser.

 

Nedanfor kan du lesa ei innbyding frå Balestrand Sogelag:

I slutten av juli månad i 2023 er Balestrand sogelag medarrangør saman med Fotefar temareiser på tur til Midtvesten i USA. Fotefar ved Rasmus Sunde har i over 20 år arrangert turar til Midtvesten og besøkt mange norskamerikanske stader og byar i Wisconcin, Iowa og Minnesota.

Det nye i 2023 er at vi får med oss ein tur til Wallingford i Iowa, der fleire etterkomarar etter Bruhjellfolk bur i dag. Den første Bruhjell som reiste over var Per Bruhjell i 1848. Seinare kom fleire sysken til lovnadslandet, som Lars Nilson Bruhjell i 1870. Første kona hans, Marie, døydde i barsel i 1851, og gravstøtta hennar står på Tjugum kyrkjegard.

Per busette seg til slutt i Wallingford, Iowa, der han kjøpte land ved innsjøen, High Lake. Der bur etterkomarane hans enno, og dei gamle bygningane står framleis, og er i dag vorte eit museum til minne over Bruhjellslekta og sogningar som slo seg ned i området på 1800-talet.

Dei norske etterkommarane her held fast på tradisjonane, og den store slekta kjem ofte saman for å dyrke fellesskapet. Det er stor stas for dei å få besøk av turgruppa vår frå Sogn og gamlelandet. Folka førebur ymse program med omvising på museet Brugjeld Peterson HistoricFarmstead og ein middag med gruppa vår og dei fastbuande. Dette blir veldig spennande!

Vi besøkjer elles den vakre Urland (Aurland) Church i Sogn Valley eller Sognedalen. Her og møter vi etterkommarar av sogningar.                

Dette er ein innhaldsrik tur der vi stoppar i småbyar og stader med etterkommarar frå landet vårt, men vi besøkjer også dei store byane. Slik sett får vi med oss både det norske og det moderne Amerika.

Fotefar temareiser tilbyr medlemmer av sogelaga i Sogn og familiane deira ein rabatt på kr. 2000 per person på denne eineståande sjansen til å bli med mange sogningar over til Amerika i juli månad i 2023!

Ta kontakt med leiar i Balestrand sogelag, Tore Brudvik tlf. 45048715 eller Fotefar Temareiser ved Rasmus Sunde tlf. 99494253 for nærmare informasjon. Du finn turprogrammet på heimesida til Fotefar, https://www.fotefartemareiser.no eller du kan be om å få det tilsendt.

Les mer

Årdal før og no er i trykken

Dei aller fleste av dei godt og vel 1.100 medlemane i Årdal Sogelag vil finna nummer 59 av sogelagsbladet i postkassen sin før jul. Gjeve at Posten gjer jobben sin denne gongen òg.

I år er det 30 år sidan Årdal Sogelag vart starta opp att. Etter at lagsarbeidet hadde lege nede eit par tiår. 1992 var også året då den første utgåva av sogelagsbladet, Årdal før og no, såg dagens lys. Dei første par åra med eitt nummer per år, og sidan med to årlege utgåver, i juni og desember.

Bladet som sogelagsnedlemene får til jul i år er soleis nummer 59, og denne gongen er det 40 sider i bladet. Me prøver å få til eit variert innhald i bladet. Denne gongen prøver me oss også med eit kryssord på siste sida i bladet. Kryssordmeisteren heiter Gunnar S. Romøren, ein utflytt årdøl som no er busett i Vormsund.
Det er ikkje lagt opp til noko innsending eller premiering for dei som løyser kryssordet. Det einaste me kan lova er at rett løysing blir presentert i Årdal før og no nummer 60, som kjem ut i juni 2023.

Av innhaldet elles kan nemnast ein artikkel om korleis det var å veksa opp i Årdal på 1950- og 60-talet. Ført i pennen av Aud Signe Melleby (f. Nesse).
Den internasjonale handballturneringa Hydro Aluminium Quality Games var ei årviss hending på siste halvdelen av 1990-talet. Seks turneringar vart det i alt, frå 1995 til og med 2000. Hanne Stedje har teke eit tilbakeblikk på desse turneringane, som verkeleg sette Årdal på kartet i handballmiljøet. Med direktesende kampar på TV2 og TV3.

Desse to artiklane, kryssordet og mykje anna, kan medlemane i Årdal Sogelag no sjå fram til.

Les mer

To nye ansikt i sogelagsstyret

Årdal Sogelag avvikla årsmøtet på Klingenberg hotel torsdag 18. februar. I desse koronatidene er det sterk avgrensing på kor mamge menneske ein kan samla til slike møte, og me heldt oss heilt innanfor grensa. Ti personar hadde møtt fram då leiar Bjørn Lindland sette årsmøtet.

Etter årsmøet er dette styret i sogelaget:

                         Leiar:            Bjørn Lindland (attval)
Nestleiar:       Sigfrid Hovland (attval)
                       Jonny Asperheim (ikkje på val)       
                       Helge Øvstetun (ikkje på val)           
                       Kjell Eldegard (attval 2021-2022)                           
                       Jan Einan (2021)
                       Mette Hestetun Berg (ny 2021-2022)
                       Øyvind Lægreid (ny 2021-2022)      

Varamedlemer: Jan Grønsberg (attval)
                          Egil Jørgen Lund (2021
Leiar og nestleiar vart valt på årsmøtet. Resten av styret (kasserar, sekretær og styremedlemer/varamedlemer) konstituerer seg på første styremøtet etter årsmøtet.

Me ønskjer dei to nye i styret, Mette Hestetun Berg og Øyvind Lægreid, velkomne og lukke til. Samstundes takkar me Oddvar Natvik og Bjarne Havro for innsatsen deira i sogelagsstyret.

Ved årsskiftet var det 1.156 betalande medlemer i sogelaget, 32 fleire enn ved førre årsskiftet. Alle medlemene har fått tilsendt medlemsbladet "Årdal før og no" to gonger i 2020, og når det lir mot sommarferien i år kjem det ei ny utgåve av bladet.

Koronaen har sett sine avgrensingar på aktiviteten i sogelaget i 2020. Men noko har me likevel fått utretta. Det vart brukt vel 126.000 kroner på ei oppgradering av uteområdet ved Sogelagsbrakka. Arbeidet vart utført av Fredheim entreprenør.

Elles har sogelaget brukt eit av dei ledige butikkareala i Strandhjørnet på Årdalstangen som utstillingslokale. I løpet av 2020 vart det laga både ei sommar- og vinterutstilling der. Samt ei eiga utstilling for julemånaden. I desember hadde me også ein adventskalender på heimesida til sogelaget.

 

 

Les mer

Prøvde gamle kunstar under open dag

Under open dag ved Russarbrakka laurdag 8. juni vart ein gamal konkurranse, nærare bestemt det å kasta på stikka, trekt fram i lyset att. 15 personar i alderen seks til 83 år drista seg til å delta i konkurransen.

Den som sigra i denne uhøgtidlege tevlinga var Helge Øvstetun. I sitt beste kast plasserte han femøringen berre tre millimeter frå stikka. 
Anja Bolstad låg lenge i tét, men ho måtte til slutt sjå seg slått med sopass lite som 1,5 millimeter. 
Nummer tre i tevlinga vart Anne Sofie Aarsbog, med eit bestekast som landa 26 millimeter frå stikka.

Det vanka premie til dei tre beste i tevlinga. Førstepremie var Band 1, 2 og 3 av bygdebok for Årdal, andrepremie var jubileumeboka til Årdal kommune frå 2010, medan den gamke bygdeboka skriven av Jon Laberg var tredjepremie.

Premiane blir leverte til dei tre vinnarane.

Årdal Sogelag gratulerer vinnarane, og takkar alle som deltok for innsatsen. Takk også til alle andre som tok turen til Russarbraakka denne dagen. Ei særskild takk til Årdalstangen Musikklag, som har gjort det til ein vane å underhalda ved brakka under open dag.

Les mer

Adresse

Årdal Sogelag

Naustvegen 9
6884 Øvre Årdal

E-post

post@sogelaget.no

Følg oss!

Facebook