Menu

Snart kjem julenummeret

Er du medlem i Årdal Sogelag, får du snart julenummeret av Årdal før og no i postkassen din. Bladet gjekk i trykken hjå Printfarm den 12. desember, og det er soleis på det næraste sikkert at det er framme til medlemene før jul.

Fremst i bladet tek Bjørn Lindland eit tilbakeblikk på noko av det Sogelaget har drive med i 2024.
Arne Nundal med familie flytta frå Årdal til Sunndalsøra på midten av 1950 talet. Om lag ti år seinare, i 1965, flytta heile familien vidare til Husnes. Svigerson til Arne, Lars Jostein Rørvik, har ført i pennen minne som Arne hadde frå oppveksten i Årdal.

Elles fortel Anne Grete Lægreid om korleis det var å veksa opp i Vesgrandane i Øvre Årdal på 1950- og -60-talet. For ikkje å nemna Stig Vattekar si «tilståing» om korleis inskripsjonen oppe på 400-meteren, om ikkje å kasta ned mat til dei innfødde, kom på plass.

Det som er nemnt, og mykje anna interessant stoff, kan du lesa meir om i utgåve numer 63 av Årdal før og no.

Adresse

Årdal Sogelag

Naustvegen 9
6884 Øvre Årdal

E-post

post@sogelaget.no

Følg oss!

Facebook