Menu

Kom på årsmøtet til sogelaget 17. februar

Årdal Sogelag inviterer deg til årsmøte på Klingenberg hotell torsdag den 17. februar klokka 19.00. 
Innlallinga til årsmøtet vart kunngjort som annonse i Sogn Avis laurdag 29. januar. Innkallinga kan du lesa nedanfor:
Årdal Sogelag held årsmøte på Klingenberg hotell, Årdalstangen torsdag, 17. februar klokka 19.00.
Sakliste:
1. Godkjening av møteinnkallinga
2. Val av ordstyrar og skrivar
3. Årsmelding
4. Rekneskap
5. Budsjett 2022
6. Innkomne saker
7. Kontingentsatsar 2023
8. Val
Saker til årsmøtet må vera styret i hende seinast laurdag 12. februar.
Etter årsmøtet blir det ei enkel servering.

Vel møtt!
Styret

Les mer

No kjem julenummeret snart

Utgåve nummer 57 av Årdal før og no er snart å finna i postkassen til medlemene i Årdal Sogelag. Denne gongen med artiklar levert av både «gamle» og nye bidragsytarar.

 Av sistnemnde er det tre karar; Øyvind Lægreid, Kurt Nilssen og Knut Bryn. Øyvind skulle vera godt kjend her i Årdal, som lærar i heimbygda i mesteparten av sitt yrkesaktive liv. I utgåve 57 har han skrive ein artikkel om Torleivhaugen, ein husmannsplass under ein av Lægreidsgardane på Årdalstangen.

Kurt Nilssen, fødd og oppvaksen i Øvre Årdal, har tre artiklar i årets juleutgåve av sogelagsbladet. Ein av artiklane er om Peder Pedersen Holsæter, onkelen til Kurts mor. Peder var fødd på Øvre Gjerde i Fardalen, og emigrerte til USA i 1904, 17 år gamal. Der borte slo han seg fram som brytar, og, syner det seg no, vart far til ein gut som på 1950- og 60-talet stod på dei store operascenene både i USA og Europa.

Den tredje av dei nye bidragsytarane, Knut Bryn, har røter tilbake til koparverktida i Årdal. Den gongen, for om lag 300 år sidan, var tipptipptipptippoldefar hans, Mons Olsen Langevoll, i arbeid hjå Årdal koparverk. Det er inntrykka etter ein tur han tok opp til forfarens arbeidsplass i Gruvefjellet Bryn skriv om

Desse artiklane, og meir til, kan medlemene våre sjå fram til å kosa seg med i julehelga i år.

Oppdatering søndag, 19. desember: Distribusjon av julenummeret startar opp måndag 20. desember: Då skal Budservice levera bladet til adressatane i Øvre Årdal. Dei med adresse Årdalstangen får bladet tysdag 21. desember. Dei som får bladet gjennom Posten, det vil seia dei i Årdal som har postboks, samt dei som bur utanbygds, får vonleg bladet i løpet av veka. 

Les mer

Snart kjem Årdal før og no nummer 56

Sommarutgåva av Årdal før og no går i ytrykken måndag 21. juni. Denne gongen har me fått i hop eit blad på 44 sider, med god geografisk spreiing på innhaldet. Frå tømmerfløyting i Vettisfossen i aust, til dampskipet Aardals forlis i Nordsjøen i 1931 i vest. 
Med andre ord eit blad med eit godt og variert innhald, eit blad som kan lesast på solrike dagar såvel som i regnvêr.

Dei vel 1.200 sogelagsmedlemane kan så smått byrja kikka etter sogelagsbladet i postkassen sin når månadsskiftet juni/juli nærmar seg. 

Les mer

To nye ansikt i sogelagsstyret

Årdal Sogelag avvikla årsmøtet på Klingenberg hotel torsdag 18. februar. I desse koronatidene er det sterk avgrensing på kor mamge menneske ein kan samla til slike møte, og me heldt oss heilt innanfor grensa. Ti personar hadde møtt fram då leiar Bjørn Lindland sette årsmøtet.

Etter årsmøet er dette styret i sogelaget:

                         Leiar:            Bjørn Lindland (attval)
Nestleiar:       Sigfrid Hovland (attval)
                       Jonny Asperheim (ikkje på val)       
                       Helge Øvstetun (ikkje på val)           
                       Kjell Eldegard (attval 2021-2022)                           
                       Jan Einan (2021)
                       Mette Hestetun Berg (ny 2021-2022)
                       Øyvind Lægreid (ny 2021-2022)      

Varamedlemer: Jan Grønsberg (attval)
                          Egil Jørgen Lund (2021
Leiar og nestleiar vart valt på årsmøtet. Resten av styret (kasserar, sekretær og styremedlemer/varamedlemer) konstituerer seg på første styremøtet etter årsmøtet.

Me ønskjer dei to nye i styret, Mette Hestetun Berg og Øyvind Lægreid, velkomne og lukke til. Samstundes takkar me Oddvar Natvik og Bjarne Havro for innsatsen deira i sogelagsstyret.

Ved årsskiftet var det 1.156 betalande medlemer i sogelaget, 32 fleire enn ved førre årsskiftet. Alle medlemene har fått tilsendt medlemsbladet "Årdal før og no" to gonger i 2020, og når det lir mot sommarferien i år kjem det ei ny utgåve av bladet.

Koronaen har sett sine avgrensingar på aktiviteten i sogelaget i 2020. Men noko har me likevel fått utretta. Det vart brukt vel 126.000 kroner på ei oppgradering av uteområdet ved Sogelagsbrakka. Arbeidet vart utført av Fredheim entreprenør.

Elles har sogelaget brukt eit av dei ledige butikkareala i Strandhjørnet på Årdalstangen som utstillingslokale. I løpet av 2020 vart det laga både ei sommar- og vinterutstilling der. Samt ei eiga utstilling for julemånaden. I desember hadde me også ein adventskalender på heimesida til sogelaget.

 

 

Les mer

Adresse

Årdal Sogelag

Naustvegen 9
6884 Øvre Årdal

E-post

post@sogelaget.no

Følg oss!

Facebook