REFERAT FRA STYREMØTE NR. 2/2015
REFERAT FRÅ STYREMØTE NR. 2/ 2015
Stad: Brakka i Saltviki
Tid: 26.02.2015 kl 1800
Til stades: Bjørn Lindland, Jonny Asperheim, Egil Jørgen Lund, Kjell Eldegard, Helge Øvstetun, Oddvar Natvik og Sigfrid Hovland
Sak 1 Informasjon
- Ingrid Nordby-Antonsen har fått opplysningar frå laget i til bruk i samband med statistisk analyse av lag og organisasjonar. Ho treng materialet til ei oppgåve i utdanninga ho er i gang med.
- Laget har ikkje att fleire eksemplar av bladet som kom ut til jul.
- Fjord til Fjell-dagane skal arrangerast andre helga i juni, 13. og 14.06.
- Temaet for Kulturminnedagane laurdag 12. til søndag 20.09 blir i år Nabolag. Menneske, kulturminne, historie.
- Posten beklagar manglande levering av Årdal Før og No og betalar tilbake 1180,- kr. til dekking av utgifter laget har hatt i samband med utsendinga av bladet.
- Indre Sogn Kystlag inviterer til årsmøte. Ingen reiser.
- Styremøta 12.03. og 26.03. går ut. Nytt styremøte vert 19.03.
- Laget har fått spørsmål om å koma på koma på Farnes skule tysdag 17.03. 9. klasse har industri som tema. Dei ønskjer også omvising i den gamle kraftstasjonen.
- Strondikvelden på Klingenberg var svært vellukka. Det var antakeleg mellom 210 og 220 frammøtte.
Har bestilt 25 ekstra eksemplar.
Vaskedugnaden i Koparverkshuset blir måndag 8.06. kl. 1700.
Sak 2 Årsmelding, rekneskap og budsjett
Styret gjekk gjennom desse
Sigfrid
(ref.)