1. desember kjem årets julekalender
Søndag 1. desember er det klart for 2024-utgåva av den årvisse julekalenderen på denne nettsida.
I ei årrekke har preaentasjon av ulike bilete frå Årdal, med ein kort tekst, vore eit fast innslag på Årdal Sogelag si heimeside i førjulstida. Slik også i år, og søndag 1. desember kjem det første biletet i årets julekalender.
I år som tidlegare år er det Jørgen Lund som har samla inn dei 24 bileta frå ulike kjelder. Julekalenderen har synt seg å vera eit populært innslag, og me meiner me kan syna fram eit interessant utval av bilete denne gongen òg.