Menu

Frå pessimisme til optimisme

Nye industriprosjekt i Årdal

 

(Artikkel publisert september 2006)

Dooria

I Bukkhaugdalen er gravinga til den nye dørfabrikken til Dooria allereie i gang. Fabrikkbygningen blir godt synleg i landskapet på Årdalstangen, og skal etter planen stå klar hausten 2007.

Bukkhaugdalen (også kalla Kolabotn) var opprinneleg ein husmansplass. Husa blei rivne på 90-talet, og mykje av dalen blei jevna med jord og grus.

Informasjon om firmaet Dooria finn du på www.dooria.no

NorSun

På verksområdet på Tangen skal fabrikkhallen som går under namnet "bygg 190" rivast, og det skal gjerast plass for bygging av ein ny fabrikk som skal produsera komponentar til solcellepanel.

Bilete over er av bygg 190 slik det står i dag, og er berre halve bygget slik det var teikna og prosjektert av tyskarane. Bygget er ein del av det som skulle verta oksydfabrikk, og som hadde vorte den største investeringa i Årdal.

HMR

I Saltviki har industrihallen til Alfred Andersen stått tom dei siste åra etter at verksamheita i Årdal blei nedlagt for nokre år sidan. Det er denne hallen bedrifta HMR ynskjer å flytte deler av verksamheita til. HMR blei etablert i Årdal på 90-talet, men har den siste tida sett etter nye industrilokale i Årdal.

Har du kommentarar eller ynskjer å tipse oss ang. dette temaet? - Send epost: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Adresse

Årdal Sogelag

Naustvegen 9
6884 Øvre Årdal

E-post

post@sogelaget.no

Følg oss!

Facebook