Menu

Mai - slek eg hugsar det

Mangt har forandra seg i Årdal, også dagar i mai vil eg tru. Vi som vaks opp etter krigen hugsar godt førebuing og oppleving av dei to store mai dagane 1. -og 17.mai. Ikkje var vi så klar over kva dei to dagane innebar av ulik verdi. For oss born var dei hjamnstilte.

Me fekk nye klede og gjerne kvite tøysko eller sandalar. Klær var ofte sydd heime eller hjå lokal sydame. Vi som var med i speidaren eller guttemusikken var heldige, -det tykte nok foreldre (mødrene !) også. Der var det berre å legge ned på dei tidlegare anskaffa drakter/uniformar - eller byte med andre.

På skulen fekk me fargerike maiblomar i plast til jakkepynt og bilpynt, -som skulle selgjast på førehand. Trur det var 30 øre eller kansje 50? Bilrosene var dyre, kansje 1-2 kroner. Desse blei festa i bilgrillen med ståltråd. Fagforeningane selde merker av politikarar i Arbeiderpartiet, til dømes Oskar Torp. Dei var i metall, raudt med gull.

Fagforeningane stod for 1.mai-moro for oss born. Ymse leikar på Cuba (sekkehopping,springe med potet på skjei,ballkast mm). Kino i Folketshus etter brus utdeling , då toget enda der. Av og til kapproing på fjorden for vaksne. Dei vaksne fekk tale for dagen, frå talarstol utandørs ved Folkets Hus (med vannkaraffel i glas ) omkrinsa av bjørkelauv ,flagg og faner. Var våren sein, blei bjørkestasen dreven fram innandørs. Her vart det songe og spelt arbeidarsangar av kjent merke.

Dei fleste held 1. mai dagen "heilag". Det var skam å demonstrere t.d. med hagearbeid på denne dagen ! Det kunne bli snakka om i lange tider. Årdøler flest var arbeidarar og patriotiske til arbeidsrørsla den gong som seinare. Tangen Arbeidarkor med kvite sangarhuver song, og det var fest om kvelden for vaksne i storesalen på Folkets hus. Der spelte ofte Jonsgaard /Eriksen med trekkspel og slagverk til dagens slagerar," Tango for to"..,"Red sails in the sunset..".." Bouenosera signorita." ja dei kom vel på 50 talet ein gong. Eg fekk gå på dans etter å ha vorte konfirmert, det var regelen - den gong.

Eg hugsar godt min fyrste is-pinne frå Jotun-is i Valdres. 50,- øre Vanilje med sjokoladetrekk ! Kiosken stod på Sangota. For ei oppleving.! Perle og Bruse frå Hansa i Bergen, var også stort på dei små flaskene. Sidan kom pølser med sennep i matpapir , på Cuba. Gnagsår etter nye sko, og grønske på knea , var ikkje stort å bry seg med ein slik dag. Liv og røre frå grytidleg morgon til kveld.

Alt gjentok seg 17. mai. Så heldige me var. To flotte Maidagar ! Like morosame for oss ungar. No dukka "funksjonerane" på Verket opp med svarte huver med stor silkedusk ,høvleg dandert på eine aksla , og synte Årdølene si akademiske utdaning ! Kom ikkje her, klasseforskjell skulle det då vere.. Bunader kom ut av møllposane også ! Bekransning av bauta v kyrkja (Thomas Hæreid sto ofte for dette) og av fallen under krigen (Torvald Lægreid) Speidarane var med på dette. Toget var stort med faner og flagg. Korps spelte, koret song. Gudstjeneste i kyrkja ved prost Fausa i svart kjole med rund , kvit prestekrage, av det gamle slaget.

Ikkje å forgløyme morgonsalutten frå Salvika. Nøye førebudd kvelden i førevegen av "fast salutt kommite" med ølkasse på sykkelbagasjebrettet. Mor tok sine forhåndsreglar, rydda unna spegel og bilder frå veggene , samt alt som kunne ramle ned av risting /trykk . For dei la dugleg i med dynamitt, desse gamle-karane som stod for salutten. Behøvde ikkje vekkeklokke ! Det ljoma mellom fjella, kor mange gonger hugsar eg ikkje, men det var ikkje få !

Eg fekk kjøpt meg eit lite Kodak Brownie - fotoapparat til den store sum av 35,- kr. (1954 ) Svart kvitt , så klart , og små, men klare bileter blei det. Far tok også bileter med sitt kasseapparat av eldre årgang med spolefilm. Ein film skulle rekke frå 1.mai, 17.mai ,speidarleir ,sumarferie og vel så det. Utan blits blei det ikkje fotografert innandørs som td. jul.

 

Kjekt å ha minner om ei tid som var verdifull på mange vis. Vi brukte tid til leik, lag og skule året rundt. Men 1. og 17. mai var nok dei store dagane i året for oss born.

Oda Marie Lægreid

Adresse

Årdal Sogelag

Naustvegen 9
6884 Øvre Årdal

E-post

post@sogelaget.no

Følg oss!

Facebook