Pumpestasjonen framme ved vatnet
Bilete er frå eit av siste åra far min, Edvard Romøren, hadde ansvaret for pumpestasjonen framme ved vatnet.
Edvard er her i ferd med å starta dieselmotoren. Denne skulle prøvekøyrast med faste intervall. Med eit stort spett vart svinghjulet tørna slik at startsylinderen nett var over øvre dødpunkt. Eit merke på svinghjulet viste dette. Den vesle sveiva som stikk ut nede på motoren var til å pumpa opp oljetrykket med før start. Etter at alle sjekkpunkta var kontrollerte og kjølevatnet var opna for, vart det svarte manøverrattet sett på start, startluft frå trykkflaskene vart slept på, og dermed gjekk motoren, og manøverrattet kunne dreiast til visaren peikte på WORK.
Det var alltid moro å vera med far vår når dieselen skulle prøvekøyrast og det var populert barnearbeid å få lov å sveiva opp oljetrykket.