Nundalen
Årstal:
2008 Foto/kilde: Egil J Lund Kategori:
Natur Lagt til: 08.24 2008
Bilete teke frå tunet på garden Haugstad med utsyn nedover mot Årdalsvatnet.
Garden var truleg den fyrste garden i Nundalen og hadde difor namnet Nundal. Det var fyrst i 1862 at garden vart kalla Haugstad.
I dag er det miljøstiftinga Nundalen som har hand om garden. Stiftinga har til føremål å tilrettelegga Nundalen til eit rekreasjonsområde for ålmenta. Stiftinga ynskjer å bevare delar av bygningsmiljøet i dalen og å setta det i ein slik stand at bygningar og omkringliggande miljø kan bevarast for ettertida.