Vassbering i Naddvik.
Årstal:
0 Foto/kilde: T.Hæreid/Sigfrid Hovland Kategori:
Daglegliv Lagt til: 01.21 2004
Bering av vatn med "vassåk" i Hola. Bilete truleg teke ein gong på 60 talet Naddvik.
Det er Inga Hovland (Inga i Hagen)som står med vassel og bøtter. Inga
og Ida budde på kvar si side av vegen som går ned i Hola.
Stova til Inga er det Kjell Magne Natvik som eig no. Han har
restaurert den, og stova blir brukt ein heil del.Det er alltid kjekt
å sjå at det er lys i glasa der.
Ida hadde brønn og vasspumpe ved stabburet sitt, så Inga var vel på
vasshenting.
Inga var fødd i 1893 og døydde i 1992. Dei siste åra ho levde, budde
ho på Lærdal hjå syster si,Sigrid Henriksen, om vintrane, men kvar vår flytte ho inn att i stova si.