17. mai feiring i Seimsdalen
Eit unikt bilete frå Seimsdalen. Seimsdalsborna er samla ved ungdomshuset 17 mai 1934. Fotografen er ukjend.
Dei tre framme i midten er Solveig Aperheim Johnsgaard, Kåre Asperheim og Arne Asperheim.
2. rekkja frå venstre, Wilken Seim Lysne, Solveig Jevnaker Sivertsen, Brita Seim Lysne (Andersen), Marit Asperheim (bunad og fletter), Aslaug Seim Kristoffersen, Amanda Jevnaker Sagerøy, Helga Asperheim Lysne (med bunad), Håkon Asperheim (lys skjorte), Edny Asperheim Spjelkaviknes, John Nundal (med flagg) og Valborg Jevnaker Nordbye.
Bak: Olga Jevnaker Skogen, Erling Nundal (med flagg), delvis skjult bak Erling står Borghild Jevnaker Semstrøm, Inga Jevnaker Hamre (lys overdel), Erik Seim står bak Signe Jevnaker Romøren, Gunnar Jevnaker (nesten skjult bak Marit Asperheim), Sverre Seim (midt bak), Anna Seim Årebru, Ragna Jevnaker Kastet, Mari Jevnaker Offerdal, Ranveig Vee Asperheim.