Juledekor er avlegs på Tangen
Årstal:
2008 Foto/kilde: Nissen Kategori:
Natur Lagt til: 11.30 2008
Sj� godt p� bilete, kan du gjette kva slag h�gtid sentrum p� Tangen er pynta til?

Det er ikkje s� lett om ein ikkje legg merke til julegrana utanfor r�dhuset... der i det fjerne.

For fyrste gong p� ca 20 �r er det ikkje julegate p� Tangen. Medan dekoren p� andre tettstader og byar i Noreg stadig tek nye h�gder vel ein alts� � g� stikk motsatt veg her i bygda.

Er det finanskrisa som har skylda? Har nokon rota bort dekoren? Har nokon tatt feil av kalendaren? Me veit ikkje...

Sant nok har ein sett trenden lenge. Julegran var fast tradisjon utanfor verksportane i desember, men dei siste �ra har ikkje Hydro tatt seg bryet med � sette ut noko tre.

Samvirkelaget satsar no p�skegult �ret rundt, og det er ikkje mykje som inviterer til julehandel utvendig p� det som ein gong var eit julepynta varehus i desemberm�naden.

Strekninga fr� Statoil og ned til Fjordblomsten mista julegata allereie for nokre �r sidan, medan i fjor hang det som var igjen av girlander i hovudgata - strippa for bjeller, hjerter og julekorger som f�r hang i midten av lenkene...

Akk, kanskje har handelstanden p� Tangen gode dagar.. i alle fall ser det ut som dei har eit sv�rt avslappa forhold med � f� kundar til � handle f�r jul.