Jubileumsboka: ÅRDAL – kamp, krefter og kunnskap

Til markeringa av Årdal kommune sitt jubileum er det gitt ut ei praktbok som oppsummerer desse 150 åra. Den rikt illustrerte boka fortel om kampar for å sikra lokalsamfunnet sine interesser, om årdølene sine politiske krefter og om korleis kunnskap har prega utviklinga av industrisamfunnet. Bruken av vasskraft til industrielle føremål i lokalsamfunnet blei ei hovudsak for kommunen – ei sak som enno er aktuell.
På 1800-talet handla politikken om å stå på eigne bein. Ny kyrkje blei bygd. Skulane trong nye hus. Mange årdøler blei deltakarar i demokratiske prosessar gjennom det lokale sjølvstyret. Nytida i Årdal kom med utbygginga av Tyinvassdraget tidleg på 1900-talet. Bruken av vasskraft til industrielle føremål i lokalsamfunnet blei ei hovudsak for kommunen – ei sak som enno er aktuell. Rundt fabrikkane voks det fram eit levande samfunn, og Årdal kommune blei ein garantist for gode velferdstilbod.
Forfattarar for boka er Johs. B. Thue, Aage Engesæter, Oddvar Natvik og Steinar Lægreid. Jonny Asperheim har vore biletredaktør.
Boka kostar kr 368,- og er i sal hjå bokhandlarar og hjå Skrivargarden i Øvre Årdal. Ho kan og tingast direkte frå forlaget på www.skald.no eller telefon 57 65 41 55.
