AKTUELT
Tilbakeblikk på tida som har gått i Årdal
Velkommen til Årdal Sogelag sine nettsider - med bilete og tekst frå tida som har gått i industribygda innerst i Sognefjorden.
Årdal Sogelag er eit av dei største sogelaga på vestlandet med over 900 medlemmer.
Gjennom bl.a. medlemsblad, innhenting av lokalhistorisk stoff og restaureringar ynskjer me ta vare på minna frå Årdal!
Årdal Kommune 150 år
Sogelaget bidrog med utstillinga "Frå fossekraft til hjernekraft"
Tur til Austkysten USA 2009
Omlag 50 deltakarar reiste med sogelaget til autskysten i USA i haust. Det blei ein svært innhaldsrik og vellykka tur!Støtt sogelaget via Grasrotandelen - Norsk Tipping
No kan du støtte Årdal Sogelag kvar gang du tippar! Grasrotandelen er ei ny ordning som gjer at du kan velge deg ut eit lag eller forening som får 5% av innsatsen din kvar gang du spelar hjå Norsk Tipping. (Lotto, Tipping, Keno osv..) Ordninga er gratis!
Det er enkelt å bli med på ordninga - vel eit av dei tre alternativa under:
- Skriv ut denne strekkoden og ta den med til din tippekommisjonær
- SMS: Send tekstmeldinga grasrotandelen 984846126 til nummeret 2020 (gratis)
- Besøk grasrotandelen.no
Brosjyre frå Norsk Tipping kan du laste ned her! (PDF fil)
Medlemstalet over 900!
Sidan oppstarten av laget har medlemstalet berre vist ein veg; oppover! Pr. i dag har me passert 900 betalande medlemmer, og dette tek me som eit teikn på at folk set pris på arbeidet vårt!Ikkje medlem? Registrer deg via internett her!
2003 - 2010 Årdal Sogelag - kontaktinformasjon - Alle rettigheitar forbeholdt.
